Hopp til innhold

Hamas-forhandlarar held fram våpenkvilesamtalar i Kairo

Forhandlarar frå Hamas skal også vere til stades under den tredje dagen med våpenkvilesamtalar i den egyptiske hovudstaden. Det uttalar ein Hamas-talsmann, ifølge NTB.

Samtalane held fram på tredje dagen, med meklarar frå Egypt og Qatar, oppgjev kjelda tysdag.

Samtalane er eit forsøk på å få på plass ein seks veker lang våpenkvile mellom Hamas og Israel, som kan tre i kraft før ramadan startar.

Det er også venta at utsendingar frå USA skal delta på den tredje dagen med samtalar.

Så langt har ingen forhandlarar frå Israel delteke i denne samtalerunden.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no