Hopp til innhold

Fleire skal vere drepne på Vestbreidda

Minst sju personar skal vere drepne og ni såra, i eit israelsk angrep på den okkuperte Vestbreidda. Det melder det palestinske helsedepartementet.

IDF har opplyst til den israelske avisa Haaretz at dei har innleda ein aksjon mot terroristar i Jenin.

Haaretz siterer to lokale kjelder på at ein høgtståande lege ved eit offentleg sjukehus i Jenin skal vere drepen medan han var på veg til arbeid.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no