Hopp til innhold

Facebook skiftar namn til Meta

Firmaet Facebook skiftar namn til Meta.

Det sosiale nettverket skal framleis ha same namn. Dermed vil ikkje brukarane merka så mykje til namneendringa.

Namnet skal spegla firmaet si satsing på dei kallar «metaverset», som blir omtalt som ein virtuell versjon av internett. Selskapet har planar om å satsa store pengar på utviklinga av produktet, skriv NTB.

Avgjerda kjem i kjølvatnet av dei såkalla Facebook Papers-avsløringane, der 17 amerikanske mediehus har gått gjennom store mengder interne dokument som stammar frå varslar og tidlegare produktsjef i Facebook, Frances Haugen, som tidlegare også har delt dokument med avisa The Wall Street Journal.

Facebook Metaverse
Foto: Eric Risberg / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no