Evakuering frå brann på borerigg
Det brenn i eit maskinrom på boreriggen Scarabeo 5 som ligg på Njord-feltet i Norskehavet, melder Statoil. 33 av dei 106 personar om bord er evakuert. Ingen er skadd. Det pågår brannsløkking om bord på riggen. Brannen vart varsla klokka 17.30.