Hopp til innhold

Erlend Mørch og Steinar Klouman Hallert til NRK

Humorduoen forlèt Discovery til fordel for NRK, der dei skal til med nye TV- og podkastprosjekt.

– Heile mitt vaksne liv har eg hatt kompleks for at eg ikkje har tenestegjort for landet mitt. Eg var aldri i militæret, men ved å jobba for NRK er det endeleg min tur til å bidra for landet mitt, seier Erlend Mørch.

Dei er mellom anna kjende frå humorserien «Sigurd fåkke pult» og Gullruten-nominerte «Erlend og Steinar hjelper deg».

– Eg begynner i NRK fordi Erlend gjer det, seier Klouman Hallert.

I tillegg til felles prosjekt, er alle episodane av Erlend Mørch sin podkast «Radio Mørch» no tilgjengeleg i NRK Radio.

Erlend Mørch og Steinar Klouman Hallert til NRK
Foto: Herman Henriksen / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no