Hopp til innhold

Ein person døydde etter kraftig turbulens på fly

Singapore Airline skriv at ein person mista livet etter kraftig turbulens under ei flyging frå London til Singapore. Sju skal vere kritisk skadd i turbulensen, melder Reuters.

Den omkomne er ein britisk statsborgar, mens ei av personalet ifølge Reuters er innlagt på sjukehus.

Flyet måtte naudlande i Bangkok i Thailand. Flyselskapet kondolerer til dei etterlatne.

– Vi arbeider med å gi assistanse til alle passasjerar og crew om bord på flyet, skriv dei vidare.

Flyselskapet seier dei skal sende tilsette til Bangkok. Det var totalt 211 passasjerar og 18 tilsette på flyet.

The interior of Singapore Airline flight SG321 is pictured after an emergency landing at Bangkok's Suvarnabhumi International Airport
Foto: Stringer / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no