Hopp til innhold

Eide: Ukraina kan bruke våpen frå Vesten mot Russland i Russland

Tidlegare i mai snudde Natos generalsekretær Jens Stoltenberg i saka om korleis kan Ukraina kan bruke våpen dei har fått frå vestlege land.

No stiller Noreg seg bak det.

– Vi meiner også at Ukraina har ein krystallklar folkerettsleg høve til å angripe Russland inne i Russland som ein del av sitt forsvar for sitt territorium.

Det seier utanriksminister Espen Barth Eide til NRK.

Derfor meiner han at Ukraina no bruke våpen dei har fått frå vestlege land mot militære mål i Russland.

– Ukraina kan bruke våpen dei har fått frå vestlege land mot militære mål som er relevante for krigføringa i Ukraina. Elles påfører vi Ukraina ei avgrensing som gjer det vanskelegare å vinne, seier Eide.

– Det er heilt alminneleg i krig, og vi kan ikkje tvinge Ukraina til å kjempe med ei hand bak ryggen.

Espen Barth Eide
Foto: Simen Ekern / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no