Hopp til innhold

Dogecoin-hunden er død

Hunden Kabosu, som har vore ein inspirasjon til internettmemes og kryptovalutaen Dogecoin, er død. Det melder CNN.

Den japanske shiba-hunden døydde 18 år gamal på fredag, skreiv eigaren Atsuko Sato i ein bloggpost.

Hunden Kabosu blei kjent på internett i 2010, då ein meme av hunden spreidde seg på sosiale medium.

Dogecoin-meme av shibaen Kabuso
Illustrasjon: Dado Ruvic / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no