Hopp til innhold

Dødstala i Moskva har stige til 137

Dødstala etter masseskytinga i Moskva fredag har stige til 137. Av dei 137 drepne, skal tre vere born.

Fleire gjerningspersonar opna eld under ein konsert utanfor Moskva by. Det var fleire eksplosjonar under angrepet og konserthuset tok fyr.

Det er enda usikker kven som står bak. Terrorgruppa IS har teke på seg ansvaret.

Russiske styresmakter seier dei har funne våpen og ammunisjon på staden.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no