|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Selje: Mannseidet vart hovudvegenI rota på den to mil lange Stadhalvøya ligg Mannseidet - 240 meter o.h. I dansketida var det Mannseidet som vart nytta som fjellovergang når embetsmenn og geistlege ferdast langs kysten. Publisert 04.09.2006 09:59. Oppdatert 04.09.2006 14:14.
Etter gamal norsk rett hadde bøndene plikt til å skysse kongen sine tenestemenn. Seinare vart ordninga utvida til adelsmenn og geistlege og deira familiar. På skyssruta langs norskekysten og inn fjordane vart det nytta robåt, i dalføra og over fjella ridehest eller karjol. Skyssplikta vart organisert gjennom sksysstasjonar, der skyss-skaffaren t.d. sytte føre å halde robåt og kalle inn roarar når storfolket var på reise. Bøndene måtte leggje bort anna arbeid når dei måtte stille som skysskarar. Difor var skyssplikta ei av dei mest forhatte pliktene som kvilde på vanlege folk i gamal tid. Skyssplikta vart ikkje oppheva før i 1816.
Måtte syte for kost og losjiVed Mannseidet låg skysstasjonen på vestsida på Eide i Moldefjorden, på austsida på Einevoll ved Kjødepollen. Skysstasjonshaldarane hadde også plikt til å syte for losji og mat til dei reisande.
Skysskifte på SaltFrå Eide gjekk det også ei postrute innover mot Nordfjord over Berstadeidet, gjennom Rimstaddalen og til Bryggja. Også på garden Salt, sør for utløpet til Moldefjorden, var det i gamal tid eit skysskifte på ruta som gjekk vidare sørover mot Sørpollen. Derfrå kunne dei reisande gå over Almenningsfjellet til Almenning og sidan verte rodde over Nordfjorden til ein skysstasjon i Rugsund. Salt var i gamal tid tingstad for Stad skipreide.
Tre dansk-norske kongar reiste over Mannseidet: Kong Christian V i 1685, kong Fredrik IV i 1704 og kong Christian VI i 1733. På den siste kongeferda overnatta det store kongefylgjet hjå Selje-presten Søren Madsen. I kongefylgjet på 150 personar var også dronninga Sofie Magdalena og mora hennar. På Mannseidet hadde bygdefolket på førehand utbetra ridevegen før fylgjet kom. Turen over Mannseidet er skildra i ein gravyr på eit minnestaup som kongen fekk laga etter Noregsreisa. Som takk for oppvartinga, fekk Selje-presten kongebrev på at han skulle få kyrkja sin part av fisketienda - dvs. avgiftene som folk måtte betale av fisket. Frå Selje drog kongefylgjet vidare til Eid.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|