|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Jordbrukshistoria: Tobakksdyrking | Også i moderne tid vert det dyrka tobakk i Lærdal, men berre til privat bruk. (Foto: NRK) |
Mest i LusterTyngda av tobakksdyrkinga i Sogn på slutten av 1800-talet gjekk føre seg i Luster, og delvis i Undredal. Publisert 24.01.2002 15:28. Oppdatert 29.01.2007 11:09. | Jon Simonsen Underdal i tobbaksåkeren kring 1920. Foto frå Aurland kommune |
Dyrking i Lærdal og Sogndal Også i Lærdal og Sogndal var det gardsbruk med tobakksdyrking:
| Tobakksblad til tørk. (Foto: NRK) |
Frå garden Hauge i Lærdal finst det frå 1915 dokument som syner at bruket hadde eige tobakkshus for tørking av plantane, og at tobakksdyrkinga gav ei betydeleg inntekt.
Tobakken vart seld til norske fabrikkar.
Det vert opplyst at bønder i Sogndal dyrka 1800 kilo tobakk i dei beste åra. I 1899 dekte tobakksåkrane i kommunen 12 dekar. Avlinga kunne nå opp i 150 kilo.
Bygdene kring Lustrafjorden er kjende for sitt tørre og milde sommarklima. Dette var den viktigaste grunnen til at desse bygdene fekk ein omfattande "tobakksindustri" frå slutten av 1800-talet og fram til 1. verdskrig. På mange bruk var det ei viktig attåtnæring. Men mindre kjent enn tobakksdyrkinga på denne tida er det at ein alt på 1600-talet dyrka tobakk i Luster.
| Rulling av sigar med tobakksblad dyrka i Lærdal. (Foto: NRK) |
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|