SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Høyanger:

Anleggsstaden Høyanger

Høyanger ved fjorden i 1916. (© Hydro)
Høyanger ved fjorden i 1916. (© Hydro)
Den 28. februar 1916 kom seks svenske og to norske rallarar roande inn Høyangsfjorden. Med dei kom den nye tida.

Publisert 24.10.2001 10:19. Oppdatert 08.06.2006 15:11.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Høyanger i 1917. Foto frå arkivet til Hydro

På få veker vart den fredelege bygda endra, skriv Sjur Dale:

"Eventyret byrja med kaos. Menneskemylder kvar ein vende seg, frå fjøra til fjell. Skot og skrell, dunder og drøn small mellom berg og brun. Folk kom og folk fór. Nye andlet til dagen. Folk her og folk der. Det vart opp ned på alt som dei fekk under hand. Dei skipla og snudde, velta og vende kvar dei kom, utan meining og mål, til ei meiningslaus myrje, såg det ut for. Fyll og fanteferd, drykk og dragsmål, skrik og skjenn og slagsmål. Det var ikkje folkevis å fara so her i grenda. Men opp or kaos steig kosmos. Gjennom skodda tok me til å skimte dei fyrste konturar av eventyret."

I den første anleggstida var det knapt med husrom: Seks norsk-amerikanarar vart innlosjerte i ein stall på 37 kvadratmeter. Der måtte dei både sove og stelle seg med mat!

I løpet av eit års tid hadde 1200 anleggsfolk bygd kraftstasjon, aluminiums-fabrikk, elektrodefabrikk, bustader og forsamlingshus for arbeidarar og ingeniørar (sjå bilete nedanfor).

Neste artikkel:
· Startproblem og utanlandske eigarar
Førre artikkel:
· Den første leiinga
Hovedartikkel:
· Norsk Aluminium CO - NACO


Høaynger i 1917. (© Hydro)

MEIR OM HØYANGER 
Høyanger kommune

 
Aviser og media i Høyanger
Historia i Høyanger
Industri og næring i Høyanger
Kjende personar i Høyanger
Kommunehistoria i Høyanger
Krigshistoria i Høyanger
Kyrkjer i Høyanger
Samferdsle i Høyanger
Skular i Høyanger
Verd å sjå i Høyanger

 
Video frå Høyanger
Lyd frå Høyanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no