Frå 1700-talet hadde det vore gjestgiveri og brennevinshandel i Vadheim, og hovudvegen Sogn-Sunnfjord vart frå 1837 opna mellom Vadheim og Førde. Men det var med skipinga av Fylkesbaatane i 1858 at utviklinga skaut fart. Utviklinga av Vadheim i dei neste 50 åra var prega av fem menn: Sjur Hansen Vadhem (Sjur i Veim), Endre Trædal, Nils Vattekar, Christian Vik og Edgar Ashcroft.
Sjur Hansen Vadem, kalla "Sjur i Veim" på folkemunne, bygde dampskipskai og stor butikk i 1857. Kundekrinsen hans femnde om store deler av Sunnfjord og ytre Sogn. I 1886 bygde han "Hansens Hotell" i tre etasjar ved kaia.
Endre Trædal frå Lavik hadde lagt seg opp pengar i Amerika før han kom heim og starta landhandel i Vadheim i 1894. Han selde forretninga i 1909 og bygde Trædal Hotell. Trædal var ein av initiativtakarane til skipinga av
Vadheim Privatbank i 1910, var også postopnar. Seinare kom I.L. Systad og starta landhandel i 1898.
Christian Vik frå Guddalen og Nils Vattekar frå Vattekar starta handelskarrieren sin i Vadheim i 1900 med å leige forretninga etter Sjur i Veim. Etter ei tid skilde Vik og Vattekar lag og dreiv landhandel kvar for seg. Christian Vik kjøpte forretninga til Endre Trædal i 1909, og dreiv også eige slakteri, og sagbruk og tønnefabrikk med 12 tilsette ved Dyrneslielva.
Forretninga til Christian Vik vert framleis driven av slekta,og er ein av dei største butikkane i Vadheim sentrum.
Nils Vattekar dreiv ei tid landhandelen i lokala etter Sjur i Veim, men bygde i 1930 stort forretningsbygg aust for kaia. Her hadde Vattekar bakeri, og han dreiv også ei tid tønnefabrikk.