Hopp til innhold

Fiskebåt på grunn utanfor Askvoll

Fredag ettermiddag vart fiskebåten Nordkappjenta trekt av grunnen ved Prestøya i Askvoll og slepa til kai i Askvoll.

MS Nordkappjenta på grunn ved Askvoll
Foto: Picasa 3.0

Det vart først konstatert at skroget var så lite skadd at det ikkje var fare for at båten skulle ta inn vatn, og på flo sjø vart båten trekt av grunnen.

Kapteinen har opplyst at fiskebåten gjekk på grunn fordi han navigerte feil og gjekk på feil side av ein stake.

Det seier Edvard Middelton, redningsleiar ved Hovudredningdssentralen.

15 ombord

Like over halv fem fredag morgon gjekk fiskebåten Nordkappjenta på grunn ved Prestøya, rett sør for Aksvoll sentrum. Det er 15 personar ombord i båten, og etter forholda skal dei ha det bra.

Den 41 meter lange båten er eigd av Ervik Havfiske på Stadlandet.

- Ifølgje skipperen tek båten ikkje inn vatn og slepp heller ikkje ut olje. Alt skal vere ok om bord, det er berre det at han står på grunn og ikkje kjem seg derifrå, seier Middelton.

Kan gå i land

Fiskebåt på grunn

Kystvaktskip og slepebåt er på plass ved havaristen.

Foto: Picasa 3.0

- Båten står så godt på grunn at dei kan gå tørrskodde på landet. Vi har gitt dei tilbodet om å forlate båten, men dei har valt å verte ombord, seier driftsansvarleg Åge Lundebrekke i Ervik Havfiske.

Ifølgje Lundebrekke vil dei prøve å dra båten av grunn når det vert flo utpå fredag ettermiddag.

Ifølgje Middelton er det er ein del vind i området.

- Det er frisk sørbvestleg bris i området, men ikkje så stor sjø. Og det er jamn vind der.

MS Nordkappjenta

MS Nordkappjenta

Foto: Ervik Havfiske