Hopp til innhold

Årdal klatrar på tabellen

Laurdag ettermiddag vart det spelt fem kampar i 3. divisjon.

Rune Førde (t.v.) og Christian Holko i oppgjeret mellom Årdal og Stryn.

Rune Førde (t.v.) og Christian Holko i eit oppgjer mellom Årdal og Stryn tidlegare i sesongen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førde toppar serien suverent med 50 poeng. Tabelltoar er Fjøra med 36 poeng.

Etter sigeren mot Eid på bortebane i dag, har Årdal klatra opp til tredjeplass på tabellen med 35 poeng.

Årdal-spiss Preben Strypet stod bak to av skoringane.

Viktig siger

Oppmann for Årdal Jan Kåre Stedje er glad for å vere med i kampen om 2. plassen.

- Spelemessig var det ein jamn kamp. Det var ikkje nokon veldig god kamp. Vi var veldig effektive og leia 3-0 tidleg i kampen. Vi rei på dette og vann fortent, seier Stedje.

Han er innstilt på å vinne dei tre siste kampane denne sesogen.

- Sigeren i dag var viktig. Det er klart at andreplassen er kjekkare enn 3. og 4. plass. Det er ekstra kjekt å få poeng på bortebane på dagar der vi ikkje får det heilt til spelemessig, seier Stedje.

Sogndal 2 ligg berre eitt poeng bak Årdal på tabellen. Måndag spelar Selje mot Sogndal 2.

I botnen av tabellen ligg Selje med 10 poeng og Skavøypoll med 12 poeng.

Her er resultata frå 19. runde i 3. divisjon:

Fjøra - Skavøypoll 3-0

Kampstart klokka 1400, Sogndal stadion

  • 11. minutt: 1-0 ved Frode Kvåle
  • Pause
  • 63. minutt: 2-0 ved Frode Kvåle.
  • 67. minutt: 3-0 ved Torbjørn Ylvisåker
  • Slutt

Kaupanger - Førde 0-1

Kampstart klokka 1400, Kaupanger stadion

  • 30. minutt: 0-1 ved Steinar Tenden
  • Pause
  • 57. minutt: Gult kort til Kenneth Teigen, Kaupanger
  • 75. minutt: Gult kort til Tor Jørgen Spurkeland, Førde
  • 83. minutt: Gult kort til Benny Rivedal, Førde
  • 88. minutt: Gult kort til Roger Hjellhaug, Kaupanger.
  • Slutt

Stryn - Høyang 2-0

Kampstart klokka 1500, Stryn stadion

  • 26. minutt: 1-0 ved Kåre Balsnes
  • 20. minutt: Gult kort til Eirk Fimreite, Høyang
  • 31. minutt: Gult kort til Marius Lenny Bø, Høyang
  • Pause
  • 80. minutt: 2-0 ved Abjørn Tenden
  • Slutt

Tornado Måløy - Florø 0-0

Kampstart klokka 1500, Måløy stadion

  • Pause
  • 65. minutt: Gult kort til Torstein Rutledal, Tornado Måløy
  • 78. minutt: Gult kort til Lasse Orheim Pedersen, Florø
  • Slutt

Eid - Årdal 1-3

Kampstart klokka 1600, Eid stadion

  • 4. minutt: 0-1 Straffe ved Preben Strypet
  • 22. minutt: Gult kort til Preben Strypet, Årdal
  • 25. minutt: 0-2 ved Preben Strypet
  • 31. minutt 0-3 ved Terje Jevnaker
  • Pause
  • 72. minutt: 1-3 ved Eivind Daniel Røed
  • Slutt