Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 8. mai

• Ein drepen i skoleskyting i USA
• Glatte vegar i Trøndelag og på Sunnmøre
• Gisseltakar arrestert i Toulouse

Dette skjedde i natt

Ein drepen i skoleskyting i USA
Ein tenåring er meld drepen i skoleskytinga i Denver i delstaten Colorado i USA. Åtte andre er skadd og to personar er arresterte. Alle dei skadde er over 14 år, to av dei er kritisk skadd. Rundt 1850 barnehagebarn og elevar blei evakuert i bussar.

Elevar blei evakuert under skytinga

Lærarar og elevar evakuerer skulen.

Foto: Chet Strange / AFP

Glatte vegar i Trøndelag og på Sunnmøre
Trøndelag og Møre og Romsdal politidistrikt åtvarar mot glatte vegar tidleg onsdag morgon. I Trøndelag har politiet fått inn fleire meldingar om snø og svært glatte vegar på Høylandet, Grong og Overhalla. På Sunnmøre gjeld det mellom Ålesund og Valle.

Laster Twitter-innhold

Gisseltakar arrestert i Toulouse
Ein væpna 17 år gamal gut, som heldt fire personar som gissel på ein kafé i Toulouse i Frankrike, er arrestert. Han skal ha uttrykt støtte til gule vestar-rørsla. Alle gislane vart i kveld slopne fri. Guten er ein kjenning av politiet.

Politiet sikrar området

Politiet sikrar området rundt kafeen der gisseltakinga fann stad.

Foto: Regis Duvignau / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no