Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 25. januar

•CNN: Trump vurderer unntakstilstand
•Guaidó tilbyr å gi Maduro amnesti
•Homofil folkevald forlèt Brasil

Dette skjedde i natt – 25. januar 2019
Foto: MAURO PIMENTEL/YURI CORTEZ FEDERICO PARRA/JACQUELYN MARTIN / REUTERS/AFP/AP

CNN: Trump vurderer unntakstilstand
Det kvite hus utarbeider et utkast der Donald Trump erklærer nasjonal unntakstilstand langs grensa mot Mexico, og med det kan krevje 7 milliardar dollar til ein mur, melder CNN. Trump har også før vurdert å omgå den fastlåste konflikten med Kongressen.

Donald Trump

USAs president Donald Trump.

Foto: Jacquelyn Martin / AP

Guaidó tilbyr å gi Maduro amnesti
Opposisjonsleiar Juan Guaidó i Venezuela seier han vil vurdere å gi president Nicolás Maduro amnesti om han bidreg til at landet igjen blir eit demokrati. Maduro har så langt ikkje vist teikn til å gi frå seg makt og held fast på at han er demokratisk vald.

Juan Guaidó og Nicolas Maduro

F.v. opposisjonsleiar Juan Guiadó og Nicolás Maduro knivar om makta i Venezuela.

Foto: Yuri Cortez Federico Parra / AFP

Homofil folkevald forlèt Brasil
Den einaste opne homofile medlemen av det brasilianske parlamentet, Jean Wyllys, kunngjorde torsdag at han seier opp jobben og har rømt frå landet etter ei rekke dødstruslar. Etter at den høgrepopulistiske Jair Bolsonaro blei president har truslane auka, ifølgje Wyllys.

Jean Wyllys

Jean Wyllys har rømt Brasil etter å ha fått dødstruslar.

Foto: Mauro Pimentel / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no