Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 23. januar

•USA og Taliban forhandlar i Qatar
•FBI kan ikkje betale informantar
•Serena Williams ute av Australian Open

Dette skjedde natt til 23. januar
Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / JIM WATSON / JEWEL SAMAD / AFP / NTB Scanpix

USA og Taliban forhandlar i Qatar
USA stadfestar at utsendingane deira er i Qatar for å møte Taliban i eit forsøk på å lage ein fredsavtale for Afghanistan, trass nye åtak. Samtalane skal etter planen gå over to dagar. Det er første gang at USA har bekrefta slike møter så ope.

USAs utsending til Taliban

Spesialutsending Zalmay Khalilzad er med i USAs delegasjon som møter Taliban i Qatar.

Foto: Brendan Smialowski / AFP

FBI kan ikkje betale informantar
Den føderale etterretningstenesta FBI i USA seier nedstenginga av statsapparatet i landet fører til at dei mister hemmelege kjelder innan terroretterforsking, skriv CNN. Vidare er ei gruppe som jobbar mot narkotikatrafikk mellom delstatar tom for midlar.

Thomas O'Connor i FBI

Thomas O'Connor i FBI forklarar kva konsekvensar nedstenginga av USAs statsapparat har for etterretninga.

Foto: Jim Watson / AFP

Serena Williams ute av Australian Open
Serena Williams låg dårleg an, før ho klinte til og snudde kampen mot tsjekkiske Karolína Plísková. Men Plísková vann til slutt. Ho møter japanske Naomi Osaka i semifinalen. Det er Osakas første semifinale i konkurransen.

Serena Williams er ute av Australian Open

Serena Williams er ute av Australian Open.

Foto: Jewel Samad / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no