Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 15. februar

• Mann til sjukehus etter brann
• Budsjettavtale er sendt til Trump
• Maduro ber Trump halde seg unna Venezuela

Dette skjedde natt til 15. februar

Mann til sjukehus etter brann
Ein mann i 30-åra frå Litauen blei natt til fredag lagt inn på sjukehus med røykskadar etter at ein fleirmannsbustad i Ramnes i Vestfold blei totalskadd i brann. Alle dei tre bebuarane er gjort greie for. Årsaka til brannen er ukjent.

Laster Twitter-innhold

Budsjettavtale er sendt til Trump
Kongressen har vedteke ei budsjettavtale for grensetrygging som skal hindre nedstenging av den amerikanske staten, og sendt ho til president Donald Trump. Han får ikkje pengane til Mexico-muren som han ønskjer seg, og har difor varsla å erklære nasjonal krisetilstand når han signerer avtalen fredag.

Donald Trump

President Donald Trump er venta å signere budsjettavtalen fredag.

Foto: Mandel Ngan / AFP

Maduro ber Trump halde seg unna
Venezuelas president Nicolás Maduro lovar å gjenreise landets økonomi dersom USAs president Donald Trump held den «infiserte handa si» unna landet. – USA stel milliardar frå Venezuela, men tilbyr venezuelanarane smular i retur, seier Maduro.

Nicolas Maduro

President Nicolás Maduro.

Foto: Ariana Cubillos / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no