Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 1. november

•Ein av to svarte boksar funnen i Indonesia
•Pittsburgh-drapsmann tiltala på 44 punkt
•Ein pågripen etter utforkøyring

Indonesia og Pittsburgh
Foto: Fauzy Chaniago / Gene J. Puskard / AP

Ein av to svarte boksar funnen i Indonesia
Dykkarar har henta opp ein av dei to såkalla svarte boksane frå flyet som styrta i havet måndag med 189 personar om bord. Boksen er eigentleg oransje og skal vere intakt. Den inneheldt informasjon om flyets tekniske tilstand.

An Indonesian rescue ship is seen at the location of the Lion Air flight JT610 crash during rescue operations off the north coast of Karawang regency
Foto: Beawiharta / Reuters

Pittsburgh-drapsmann tiltala på 44 punkt
46-åringen som sto bak synagogemassakren i Pittsburgh er tiltala for 44 tilfelle av blant anna hatkriminalitet og drap. Fleire av punkta kan gi dødsstraff, noko statsadvokat Scott Brady har varsla at han vil legge ned påstand om.

Påmalt stein ved synagogen i Pittsburgh, USA
Foto: Gene J. Puskar / AP

Ein pågripen etter utforkøyring
Ein mann (25) er moderat skadd og sjåføren er pågripen etter at bilen dei sat i køyrde av vegen i høg fart - langt over lovleg fart, ifølgje Sørøst politidistrikt. Sjåføren i 20-åra køyrde forbi ein sivil politibil på E18 og nekta å stanse, før han køyrde utfor ved ei avkøyring ved Sande i Vestfold, og prøvde å stikke av. Begge blei frakta til sjukehus. Dei er kjenningar av politiet.

Køyrde for fort og så ut av vegen

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no