Hopp til innhold

Bø-ordførar tek oppgjer

Ordførar i Bø i Vesterålen, Sture Pettersen (H), er skuffa over at ikkje alle som har meldt flytting til kommunen har vore til stades.

Etter at kommunen i 2019 senka eigedomsskatten frå 0,8 til 0,35 prosent var det fleire som melde flytting til kommunen.

No seier ordføraren at det er nokon av dei han ikkje har sett snurten av.

– Det er nok nokon som er alt for sjeldan i Bø. Dei har eg tenkt å ta meg ein prat med når året er omme, seier Pettersen, som ikkje ville nemne namn.

Det var VG som fyrst skreiv om saka.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no