Blinken: – USA fordømmer sterkt angrepet i Moskva
USAs utanriksminister Antony Blinken seier at USA fordømmer sterkt fredagens masseskyting i Moskva.
133 personar er meldt drepne, og 11 personar pågripne, melder russiske styresmakter.
– Vi sender våre djupaste kondolansar til familiane til dei drepne og dei råka av hendinga, seier Blinken.
Han seier vidare at USA fordømmer terrorisme i alle former og står i solidaritet med det russiske folket.