Hopp til innhold

Barth Eide: – Opp mot 250 nordmenn i Gaza

Espen Barth Eide seier at det er kring 50 fleire nordmenn i Gaza enn det Utanriksdepartementet fyrst trudde.

– Det er faktisk nærare 250 nordmenn eller menneske med tilknyting til Noreg, seier han.

Han presiserer at nær tilknyting kan bety personar som til dømes har opphaldsløyve i Noreg. Det kan også vera barn av norske statsborgarar, men som aldri har hatt norske dokument.

– Me har oppjustert tala fordi me har fått kontakt med fleire, seier han.

Han legg til at nordmennene i Gaza ikkje er pålagde til å reisa ut, og at ei forklaring på at talet har auka, er at fleire har lyst til å dra.

Sikkert halvparten av dei nordmennene det er snakk om er barn, utdjupar utanriksministeren.

– Me får tilbakemelding frå alle me snakkar med om at dei skal trekka ut.

Utanriksdepartementet har sagt at ingen nordmenn får kryssa grenseovergangen før i morgon tidlegast.

Utanriksministeren seier til NRK at det ikkje er sikkert at nordmenn får kryssa grensa i morgon, men at det i alle fall ikkje kjem til å skje før i morgon.

– Eg seier tidlegast i morgon, men me har ikkje sikker viten om at det er i morgon heller, seier han.

Han legg til at det har gått treigt ved grenseovergangen Rafah i det siste i samband med eit åtak på ein ambulansekonvoi som var på veg til grensa, men at grenseovergangen er open nå.

Espen Barth Eide
Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no