Hopp til innhold

Bane Nor: Follobanen stengt minst til fredag

Ei veke etter Follobanen opna, opplyser Bane Nor at togtrafikken mellom Oslo S og Ski er stengd på grunn av straumproblemer og vil sannsynlegvis ikkje opna igjen før fredag klokka 02.00.

Dette vil råka toglinjene mellom Oslo S og Halden (RE20), Oslo S og Mysen - Rakkestad (R22), Oslo S og Ski (R23) og Oslo S - Ski - Moss (R21).

All togtrafikk blei stansa tidlegare i dag mellom Oslo S og Ski som følge av ein brann i eit koplingshus. Det er denne brannen som er årsaka til straumproblema, skriv NTB.

– Det er ganske omfattande skader, seier pressevakt Gunnar Børseth i Bane Nor til NTB.

– Det er veldig leit for kundane. Me sender ei stor unnskyldning til dei. Me har hatt ein brann som me ikkje kan forutsjå, og me jobbar så hardt me kan for å ordna dette så fort som mogleg, fortsettar han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no