Mann skoten med elektrosjokkvåpen av politiet
Ein mann er skoten med elektrosjokkvåpen av politiet på open gate i Bergen sentrum.
Det var BA som melde om saka først.
Like etter klokka 21 tok politiet kontroll på ein mann som dei hadde fått gjentakande meldingar om sidan 19-tida måndag.
Ifølgje meldingar politiet har fått skal mannen ha oppført seg skremmande og vore aggressiv i bybiletet i forkant av hendinga, utan at politiet fann han.
Politiet fekk litt før klokka 21 eit naudanrop frå vektarar på Bergen Storsenter om at mannen oppførte seg trugande mot dei. Politiet rykte ut, og mannen hoppa då på ein buss som politiet fekk stansa på Torget i Bergen.
– Der sette han seg kraftig opp, og patruljen så seg nøydde til å bruke elektrosjokkvåpen for å få kontroll på han. Dei oppfatta at han var klar for å slåst, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt.
Mannen er frakta til legevakt, opplyser Johannesen klokka 21.40.
Klokka 22.53 opplyser politiet at mannen i 40-åra er pågripen og sikta for trugslar mot politiet.