Hopp til innhold

AUF til Eide: – Vi er stolt av deg

Utanriksminister Espen Barth Eide er på besøk hos ungdomspartiet AUF for å markere nyheita om at Noreg skal anerkjenne Palestina som eigen stat.

Eide fekk servert palestinsk meze og vassmelon i høve feiringa.

– Vi er enormt stolt av Arbeidarpartiet, regjeringa og deg. Dette er enormt sterkt, seier AUF-leiar Astrid Hoem.

– Det er perfekt å vere her med dykk akkurat i dag. Eg var jo engasjert i Palestina allereie som AUF-ar, seier Eide.

Statsråden takkar ungdomspartiet for innsatsen og seiar dei har vore eit håp for dei som trudde på denne løysinga.

Eide og Hoem feirer med palestinsk meze
Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no