Hopp til innhold

Armenia til ICJ: Aserbadsjan har fullført

Armenia skuldar Aserbajdsjan for å ha fullført ei etnisk rensing i utbryterregionen Nagorno-Karabakh. Til øvste domstolen i FN (ICJ) seier dei at dei ønsker fred.

Dei to nabolanda møtest i FN-domstolen i Haag, for å få eit rettsleg svar på skuldingane om etnisk reinsing.

Saka som skal opp i FN-domstolens øvste instans, er ei sak frå 2021, då begge landa klaga kvarandre inn for Den internasjonale domstolen (ICJ). Begge nabolanda skuldar kvarandre for å ha drive med etnisk reinsing og brot på konvensjonen om forbod mot rasediskriminering. Saka skal behandlast til 26. april.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no