Hopp til innhold

AP: Amerikansk krigsskip utsett for åtak i Raudehavet

Eit amerikansk krigsskip og andre handelsskip vart utsett for eit åtak i Raudehavet, ifølgje AP. Det stadfestar også Pentagon.

Houthi-opprørarane i Yemen hevdar derimot at dei står bak eit åtak på to israelske skip, noko det israelske forsvaret nektar for på sundagens pressekonferanse. På sosiale medium skriv dei at dei sendte ut missil mot det eine og dronar mot det andre skipet.

– Me er klar over rapportane om åtak på skipet USS Carney og kommersielle skip i Raudehavet. Me kjem med meir informasjon når den vert tilgjengeleg, seier det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon sundag ettermiddag.

Al Jazeera siterer Pentagon på at USS Carney øydela to Houthi-dronar, medan mannskapet samstundes assisterte eit anna, kommersielt skip, som det vart skote missil på.

Ifølgje Pentagon er det tredje gongen sidan oktober at skipet USS Carney har slege ned dronar og missil frå Houthi-militsen, ein av støttespelarane til Hamas.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no