Alvorleg arbeidsulukke i Sørum
Ein person har fått eit tre over seg i samband med trefelling. Ulukka står fram som alvorleg, melder politiet.
Ein person har fått eit tre i hovudet og er kritisk skadd. Politiet er i kontakt med vitne på staden og jobbar med å kartlegge kva som har hendt, melder politiet i ei oppdatering.
Personen er frakta til Ullevål med luftambulanse, melder rb.