Hopp til innhold

– Operasjonen i Sør-Gaza skal likna den i Nord-Gaza

Det skriv den israelske militærsjefen Herzi Halevi i eit fråsegn, ifølgje Reuters.

– Me kjempa sterkt og grundig nord på Gazastripa, og me gjer det same i sør nå.

Israel skal i løpet av sundagen ha gått til åtak på store delar av Gazastripa, mellom anna i sør.

Folk i byen Khan Younis rapporterte om massiv bombing. Reuters skreiv at fleire der frykta nye bakkeoperasjonar ettersom israelske stridsvogner stengde av vegen mellom Khan Younis i sør og Deir al-Balah sentralt i Gaza. Israel har ikkje fram til nå ikkje informert om bakkeoperasjonar i sør.

Hamas hevdar at det gjekk føre seg bakkekampar mellom dei og israelske styrker to kilometer sør for byen Khan Younis.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no