Nye SMS-problem for Altinn
Altinn har torsdag feil på SMS-varsel, melder dei på heimesidene sine.
Feilen gjer at dei som har sendt eit skjema eller har fått ei ny melding i innboksen ha fått same SMS fleire gongar.
Dei skriv at dei har sett i verk feilsøking.
Også på onsdag hadde Altinn problem med SMS-varselet, som gjorde at personar fekk same melding fleire gongar på rad.