Aukande fråvær i vidaregåande skule
Fråværet i vidaregåande skule held fram med å auke. Medianfråværet er på fem dagar og 20 timar, kjem det fram i ei pressemelding.
Jenter på yrkesfag har høgst dagsfråvær. Gutar på studieførebuande har høgst timefråvær, opplyser Utdanningsdirektoratet.
– Det høge fråværet viser at det er behov for nye grep. Vi har allereie endra fråværsreglane på vidaregåande denne hausten, men kanskje enda viktigare er det å få til ei haldningsendring i samfunnet, seier utdanningsminister Kari Nessa Nordtun (Ap)