Hopp til innhold

Forsvarssjefen: – Atomvåpena på Kola er av betyding for Russland no

– Eg vil ikkje seia at Russland er ein direkte militær trussel mot Noreg no, men det vi veit er atomvåpena på Kola er av betydning for Russland no. Dei har sett sin lit til at avskrekkinga med atomvåpena skal fungera, seier forsvarssjef Eirik Kristoffersen til NRK.

Ifølgje forsvarssjefen veit Putin at det ikkje kjem eit angrep på Russland, sjølv om det er det han seier til befolkninga si.

– Det kjem ikkje noka Nato-angrep mot Russland, så det er ei bekrefting på at Putin lyg for sitt eige folk når han seier at Nato utgjer ein trussel, seier forsvarssjefen.

– Samstundes har han beheldt nok styrkar til å passa på sine strategiske atomvåpen som er garantien hans på at dei kan slå tilbake dersom Russland skulle føla seg trua, legg han til.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no