Svensk krone er under 1 krone att
For fyrste gong på eit år kostar ei svensk krone mindre enn 1 norsk krone. Den norske krona er styrka mot den svenske dei siste månadane, mellom anna i takt med at oljeprisen har stige. Måndag morgon kostar ein euro 10,2 kroner, og dollaren 8,5 kroner.