Hopp til innhold

Vil seie klart ja eller nei til Frp

KrF må avklare kva forhold dei skal ha til FrP i god tid før neste val, meiner nestleiar Dagrun Eriksen.

Dagrun Eriksen og Dagfinn Høybråten

Nestleiar og partileiar klappar tilsynelatande i takt, men vinglinga frå partileiar Dagfinn Høybråten skapte forvirring blant veljarane, meiner nestleiar Dagrun Eriksen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Dagrun Eriksen

No må KrF vere ute i god tid før neste val og seie klart ja eller nei til Framstegspartiet, meiner nestleiar Dagrun Eriksen.

Foto: Krf
Dagfinn Høybråten

Partileiar Dagfinn Høybråten ville verken ha slagside mot høgre eller venstre, men endte opp med å tape veljarar.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Partileiar Dagfinn Høybråthen klarte aldri å forankre kva regjeringsalternativ partiet ville støtte ved sist val. Han ønskte å samle partiet om eitt felles standpunkt.

– Vi ønskjer ikkje å ha ei regjering med slagside til ytterste venstre, slik vi no har. Men vi synest det ikkje er noko betre for Noreg å ha ei regjering med slagside til ytterste høgre, sa Høybråthen frå talarstolen under landsmøtet i fjor.

Forsøket skapte forvirring, meiner nestleiar Dagrun Eriksen.

– Standpunktet var ikkje godt nok forankra i partiet. Det viser veldig mange av tilbakemeldingane vi har fått no, seier ho før strategiutvalet i partiet samlast i helga.

Viljarar i villrede

Resultatet vart at veljarane ikkje kunne vite om ei stemme til KrF samtidig var ei stemme til Frp, eller om KrF ikkje faktisk ville gjere alt dei kunne for å få til eit regjeringsskifte.

KrF er samd med Frp i mykje: Privatskular, Israel og mest av alt ekteskapslova. Partiveteran Harald Sødal frå Kristiansand ville ha samarbeid.

– I den viktigaste saka står desse to partia nærast kvarandre. Då meiner eg at grunnen er lagt for å til eit samarbeid, sa han.

Men æresmedlem Solveig Solli meinte det motsatte.

– Regjeringssamarbeid med Frp er på sikt ei dødslinje for KrF, sa ho.

Ein hest ingen trudde på

Før neste val bør partiet vere tydelegare og tidlegare, meiner påtroppande KrFU-leiar Elisabeth Løland.

Det kunne virke som om partiet prøvde å ri to hestar. Men påtroppande KrFU-leiar Elisabeth Løland meiner det som skjedde faktisk var vanskelegare.

– Eg vil seie at vi bestemte oss for å ri éin hest som eigentleg ingen andre trudde på at var der, seier ho.

Krf endte opp med ein oppslutnad på 5,5 prosent, ein nedgang på 1,2 prosentpoeng frå 2005 og det dårlegaste stortingsvalet nokosinne for partiet.

Stemme til Siv eller Jens?

Løland meiner partileiinga må ta lærdom av det som skjedde, og det vil ho ta opp på strategiutvalet i partiet som blir halde denne helga.

– Det var ei usikkerheit ute om det var dette vi faktisk meinte saman. Og det gjer at vi får tillitsvalde som er usikre når dei står på stand og skal møte veljarar som spør «Stemmer eg på Siv? Blir eg kvitt Jens?»

Løland meiner strategiutvalet må gi tillitsvalde i partiet eit råd dei kan vere meir komfortable med.

– Toppane bestemte

Då landsmøtedeltakarane rakk nummerlappane i véret i fjor virka som det var eit skinndemokrati. Svaret var allereie gitt av partileiinga og media, meiner Løland.

– Landsmøtet våren før valet var rett og slett for seint. Vi vart avkrevd svar lenge før det, seier ho.

– Min kritikk mot den prosessen er at han var topptung og toppstyrt og at det ikkje var ein reell sjanse for tillitsvalde og medlemmer å komme med kva dei meinte om saka.

Vil gi klar beskjed

For å unngå eit like uklart bodskap før neste val, meiner ho at KrF må seie ja eller nei til Frp før valkampen startar.

– Ja, det trur eg er naudsynt at vi gjer. For vi må vere veldig tydelege overfor våre veljarar kva dei stemmer på når dei stemmer KrF. At landsmøtet er for seint, trur eg vi erfarte ved sist val, seier Løland.

Høgre vil ikkje kommentere, men Frp-nestleiar Per Sandberg seier KrF no sjølv ser det alle andre såg under valkampen i 2009.

– Det er veldig bra. Då har veljarane eit val, uansett kva Krf måtte falle ned på. Men det ville vere merkeleg om KrF ikkje seier at dei vil støtte og delta i ei borgarleg regjering saman med Frp og Høgre, seier han.

Den endelege rapporten frå strategiutvalet i KrF kjem 1. oktober.

AKTUELT NÅ