Vil innføre vurderingsplikt av norskkunnskapar i barnehagen

Regjeringa vil krevje at barnehagar og kommunar vurderer barn sine norskkunnskapar før barna byrjar på skulen. Utdanningsforbundet er skeptisk til forslaget.

Guri Melby

KUNNSKAPSMINISTER: Kunnskapsminister Guri Melby (V) håpar ei vurderingsplikt vil bidra til at ein fangar opp dei som slit med språket i god tid før skulestart.

Foto: Jil Yngland / NTB

I dag går 92 prosent av barn mellom eitt og fem år i barnehagen. Her er språklæring ein integrert del av kvardagen.

Men i dagens regelverk er det ikkje eit krav om at barnehagar skal særskild vurdere barn sine norskkunnskapar. Det vil regjeringa no endre på.

Dei føreslår at barnehagar og kommunar skal ha plikt til å vurdere norskkunnskapane til alle barn før dei byrjar på skulen, også dei som ikkje går i barnehagen.

Guri Melby

JOBBAR MED VERKTØY: Kunnskapsminister Guri Melby (V) seier dei jobbar med å få på plass gode verktøy som skal sikre endå betre vurdering av barn sin norskkunnskap.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Håkon Mosvold Larsen

– Det er ein del barn som startar på skulen utan at dei kan norsk godt nok. Det gjer skulestarten ekstra vanskeleg både fagleg og sosialt, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

Når alle er vurdert, skal barnehagane rapportere til kommunen. Kommunen får ansvar for å vurdere dei barna som ikkje går i barnehage.

Utdanningsforbundet ser ikkje nytten

Melby påpeiker at plikta gjeld å vurdere norskkunnskapane til barna. Det er berre dei barna som blir vurdert til å ha behov for ekstra støtte, som vil få norskkunnskapane sine kartlagt for å få den ekstra støtta dei treng.

Men Hanne Fehn Dahle i Utdanningsforbundet er skeptisk til forslaget.

– Me er redd for at dette blir oppfatta som ein standardisert mappekartlegging av alle barn. Det trur me er uheldig bruk av ressursar og uheldig for barna, seier ho.

Ho er uroa for at ei vurderingsplikt vil føre til at kommunane brukar standardiserte kartleggingsverktøy som ikkje vil fange opp dei forskjellige utfordringane som barn har.

– Me har endå ikkje sett eit verktøy som passar alle barn. Dersom ein brukar feil verktøy kan ein finne feil som ikkje er der og oversjå andre.

Samstundes seier ho at forslaget gir inntrykk av manglande tiltru til jobben barnehagetilsette gjer, ettersom dei til dagleg vurderer språkkunnskapane til barna.

Mykje fokus på språk i barnehagen

Stine Gjennestad er barnehagestyrar i Etterstadjordet barnehage. Ho fortel at dei allereie har stort fokus på språk i barnehagen. Barna lærer språk gjennom kvardagsaktivitetar og leik. Barnehagetilsette vurderer heile tida barna si språklege utvikling.

Stine Gjennestad, Etterstadjordet barnehage

SPRÅKLÆRING: Barnehagestyrar i Etterstadjordet barnehage, Stine Gjennestad, seier språklæring er ein sentral del av jobben deira.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Ho trur ikkje forslaget vil ha stor innverknad i arbeidskvardagen. Det er fordi dei allereie vurderer språket til ungane i barnehagen kontinuerleg.

– Me har eit ansvar for å vurdere og observere barna si språkutvikling. Det ansvaret er der allereie, uavhengig av dette forslaget.

Men ho er einig i at det er viktig å rette fokus på norskkunnskapar i barnehagen.

– Norsk er undervisningsspråket i skulen. Då må me gjere alt me kan for at alle barn skal ha same føresetnadar for å nærme seg læring, forstå innhald, føle seg inkludert og få nye vener.

Må følgje opp

Ei som derimot jublar for forslaget, er Anne Lindboe, direktør i Private barnehagers landsforbund.

Ho seier forslaget er både viktig og riktig.

Anne Lindboe

ØNSKJER TILTAKET VELKOMEN: Direktør i private barnehagars landsforbund, Anne Lindboe, synest det er eit riktig og viktig forslag som regjeringa no legg fram.

Foto: Per Willy Larsen

– For å ta barna på alvor og sørge for at dei når sitt fulle potensial, må me sørge for at dei er best mogleg førebudd før skulestart.

Ho ønskjer regjeringa sitt forslag om vurderingsplikt velkomen, men påpeiker at kartlegging og vurdering ikkje er nok i seg sjølv.

– Det er heilt naudsynt med eit godt støtteapparat til dei som treng ekstra hjelp.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger