Hopp til innhold

Vil ha utgreia borgarleg vigsel

Venstre og KrF vurderar å sende alle som skal gifte seg til tinghuset. Partia vil ha full utgreeing om ordninga kan vere hensiktsmessig.

Brudepar
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Stortinget arbeider med regjeringa sitt forslag til ny ekteskapslov, som gir homofile og heterofile same rett til å gifte seg.

- Ein god ide!

Lova har skapt uro i kyrkja. Derfor ønskjer blant anna Venstre ei ordning der trussamfunna ikkje lenger skal vie folk, men berre foreta ein velsigning etter at ekteskap er inngått juridisk.

Trine Skei Grande

Trine Skei Grande, er sikker på å få gjennomslag for Venstre sin modell.

Foto: NRK

- Då vil ikkje folk føle seg så tråkka på som den prosessen her har ført til, seier nestleiar i Venstre, Trine Skei Grande.

Då det var høyring om den nye ekteskapslova i Stortinget bad mellom anna Norges Kristne Råd, som representerer alt frå pinsevener til katolikkar, uttrykk for at ei slik ordning kan vere ein god ide.

- Dårleg utgreeing

Derfor har både KrF og Venstre sendt brev til departementet der dei ber ho greie ut forslaget om obligatorisk borgarleg vigsel. May Helen Molvær Grimstad i KrF meiner ei slik løysing kan bli aktuell.

Stortingsrepresentant May Helen Molvær Grimstad ( KrF )

May Helen Molvær Grimstad (KrF) meiner regjeringa har gjort ein dårleg jobb.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

- Det er ei aktuell problemstilling, og viser kor dårleg ekteskapslova er utgreia. Vi synes det er viktig at dette blir belyst grundig før Stortinget tek ei avgjerd i saka, seier Grimstad.

Barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt, meiner det ikkje var naturleg å greie ut dette spørsmålet i samband med arbeidet med den nye ekteskapslova.

- Dei endringane vi foreslår i ekteskapslova er knyta til homofilt ekteskap. Det har ikkje vore nokon full utgreiing av heile ekteskapsloven. Dersom Stortinget ber oss om å greie ut obligatorisk borgarleg vigsel, så skal vi gjere det, seier ho.

- Tungvint løysing

Huitfeldt håpar likevel at ho slepp å greie ut spørsmålet om obligatorisk borgarleg vigsel.

Anniken Huitfeldt

Anniken Huitfeldt håpar ho slepp å sjå nærare på obligatorisk borgarleg ekteskap.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

- Vi ser ikkje på ei slik innføring som hensiktsmessig. Mange vil føle det er tungvint å gifte seg i tinghuset før ein giftar seg i kyrkja, meiner ho.

Trine Skei Grande er heilt sikker på at Venstre skal få gjennomslag for sin modell til slutt.

- Den er ryddig, rettferdig og den klarar også å skape respekt for at tru også er knyta til synet på ekteskapet si rolle i samfunnet, seier ho.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger