Hopp til innhold

Vil at fleire minoritetsgutar skal be om hjelp

Berre ein av fem saker som Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll jobbar med omhandlar gutar. – Dei unngår å søkje om hjelp på grunn av mannsidealet, seier Bufdir.

Bilde av Floranda og sønnen

Floranda Malsori håpar ting blir betre for minoritetsgutar.

Foto: Laik Hanbaly / NRK

– Det er jo veldig trist. Dei oppsøkjer ikkje hjelp når dei eigentleg treng det, seier Floranda Malsori som NRK møter på i Stovner senter i Oslo.

Som mor ønskjer ho at hjelpeapparatet skal gjere seg meir tilgjengeleg for minoritetsgutar som sonen hennar.

– Kvifor trur du ikkje at dei oppsøkjer hjelp når dei opplever det tøft heime?

– Det er nok fordi dei har vorte oppdregne til å vere «menn». At dei skal halde det inne i seg og ikkje vise det til andre. Mange trur kanskje at det er sånn alle har det, seier ho spørjande.

Floranda Matsori syns det er trist at gutter ikke oppsøker hjelp når de trenger det.

Floranda meiner «machokultur» kan stå i vegen for at gutar ber om hjelp.

Foto: Laik Hanbaly / NRK

Ho seier vidare at ho trur det er mange som har det tøft heime, som ikkje seier frå om situasjonen heime.

Ekspertar er samde med Floranda, og viser til at gutar kan ha høgare terskel for å oppsøkje hjelp.

For i fjor handterte Kompetanseteamet 891 saker knytt til ungdommar i sårbare situasjonar. Av desse var berre ein av fem saker om gutar og unge menn. Hovudgrunnen til at dei tok kontakt med hjelpeapparatet var at dei opplevde vald og negativ sosial kontroll heime.

Kompetanseteamet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og negativ sosial kontroll er eit samarbeid mellom anna Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Politidirektoratet, og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi).

Målet med samarbeidet er å rettleie tenester og frivillige organisasjonar som møte utsette i arbeidet sitt, men som kanskje manglar kompetanse for å rettleie utsette ungdommar.

Den digitale psykologen

Psykolog Usman Chaudry prøver å nå ut til ungdommer via instagram.

Usman Chaudry er glad for det er meir fokus på menns psykiske helse i dag enn før.

Foto: Laik Hanbaly / NRK

Psykologen Usman Chaudry er ikkje overraska over at gutar og unge menn kan ha det vanskeleg med å spørje om hjelp når dei først har det vanskeleg.

– Det er jo dessverre slik at mange gutar trur at det å vise sårbarheit betyr at ein er svak, seier Chaudry.

Han jobbar til vanleg som psykolog ved Rask psykisk hjelp på Stovner. Ved sida av jobben sin driv han ein Instagram-konto med fokus på psykisk helse. Her prøver han spesielt å nå ut til minoritetsgutar.

– Viss pasienten opplever negativ sosial kontroll heime kjem ikkje det fram i første samtale, seier psykologen. Enkelte av dei veit ikkje eingong at det dei opplever er negativ sosial kontroll.

– Kva kan det at dei ikkje oppsøkjer hjelp føre til?

– Det kan jo i verste fall føre til at dei blir samfunnstaparar. Det er vanskeleg å gjere det bra på skule og jobb, når du har det tøft heime.

Psykolog Usman Chaudry prøver å nå ut til ungdommer med innlegg om psykisk helse på Instagram

Psykologen prøver å nå ut til ungdommar der dei er.

Foto: Laik Hanbaly / NRK

– For mange sit det veldig langt inne å søkje om hjelp når dei har det tøft. Det gjeld spesielt gutar med fleirkulturell bakgrunn, seier Chaudry

Fryktar store mørketal

Ifølgje rapporten kan det vere store mørketal. Det akkurat fordi at gutar kan ha ein høgare terskel for å oppsøkje hjelp.

Janne Waagbø, koordinator for Kompetanseteamet spør hvorfor ikke flere gutter er representert i sakene de jobber med

Janne Waagbø vil at hjelpeapparatet skal bli flinkare til å sjå gutar som opplever negativ sosial kontroll.

Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK

– Gutar lèt vere å søkje om hjelp ofte på grunn av mannsidealet. Også er det mange som ikkje veit kvar dei skal gå, seier koordinator for Kompetanseteamet, Janne Waagbø som fungerer som Bufdir representant i Kompetanseteamet.

I årets rapport ønskjer dei å setje søkjelys på at gutar og unge menn også kan vere offer for negativ sosial kontroll.

Hjelpeapparatet må også gjøres oppmerksom på at æresrelatert vold og negativ sosial kontroll ikke bare rammer jenter med minoritetsbakgrunn

Kompetanseteamet mot tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og negativ sosial kontroll / Årsrapport 2022

– Gutar kan også vere offer

Hjelpeapparatet må vere meir til stades for gutane. Det betyr at ein må bli flinkare til å sjå åtferdsproblem som resultat av at dei har det vanskeleg heime. Dei kan også vere offer for negativ sosial kontroll. Det gløymer ein ofte.

Waagbø seier vidare at ein må bli flinkare til å sjå når gutar har det tøft.

– For son min sin del ønskjer eg ting blir betre. Eg håpar hjelpeapparatet blir betre til å ta imot gutar som har det tøft, anten det er heime eller ikkje, seier Floranda.

Bilde av Floranda og sønnen

Floranda vil at hjelpeapparatet skal bli meir tilgjengeleg for gutar òg.

Foto: Laik Hanbaly / NRK

Hei!

Har du tanker eller tips til saken du nettopp leste?

Eller innspill til andre ting NRK bør sjekke ut?

Ta kontakt! 

AKTUELT NÅ