Hopp til innhold

Vedgår at for mange barn opplever mobbing

Statsminister Erna Solberg (H) signerte i dag ein ny partnerskapsavtale mot mobbing. Ho vedgår at dei ikkje har lukkast i å gje alle barn ein trygg oppvekst.

Marienlyst skole

VENER: Cedric Brøngel Nordby (10) og Edvard Botterlid Udnæs (14) fekk æra av å ta imot statsministeren på Marienlyst skule fredag. Dei to elevrådsrepresentantane meiner vaksne må bli flinkare til å spørje barn om korleis dei har det.

Foto: Maria Knoph Vigsnæs / NRK

– Vaksne må bli flinkare til å spørje korleis det går. Og om barnet svarer at det går bra, må dei ikkje berre tenke at det alltid er sant, seier tiåringen Synniva Lunde-Hope.

Ho var saman med resten av elevane på Marienlyst skule vitne til at statsminister Erna Solberg (H) signerte ein ny partnerskapsavtale mot mobbing fredag.

Statsminister Solberg føyer seg inn i rekkja av statsministrar som signerer arbeid som skal kjempe mot mobbing. Men avtalen som vart fredag, erstattar «Manifest mot mobbing» som har vore grunnlag fram til no.

Erna Solberg

POPULÆR: Statsminister Erna Solberg (H) vart motteken av mange elevar på Marienlyst skule.

Foto: Maria Knoph Vigsnæs / NRK

Alvorlege konsekvensar

Private barnehagers landsforbund, Elevorganisasjonen og Lektorlaget er også med i partnarskapet, noko dei ikkje tidlegare har vore.

I partnerskapsavtalen står det tydeleg at konsekvensane av mobbing er svært alvorlege, og at målet er at barn og unge skal ha læringsmiljø.

– Det er viktig at fleire vaksne følgjer med, og at barn seier ifrå om dei ser mobbing, seier Cedrik Brøngel Nordby (10)

– Og barn må bli flinkare til å gå bort til folk som står aleine, legg Sunniva til.

Solberg vedgår at arbeidet mot mobbing framleis ikkje har lukkast, trass i hardt arbeid over fleire år. I avtalen står det også at det ikkje finst enkle løysingar i kampen mot mobbing.

Det er lista opp høge ambisjonar i avtalen. Skule og barnehage skal styrkast som organisasjonar, det skal raskare innførast ny kunnskap om forsking, nye arbeidsverktøy skal på plass, og regelverk må endrast.

Synniva Lunde-Hope

SJÅ: – Vaksne må bli flinkare til å sjå barn, og kanskje spørje fleire gonger om korleis vi har det, seier Synniva Lunde-Hope (10)

Foto: Maria Knoph Vigsnæs / NRK

Skal virke raskt

Det skal byggast opp lokale nettverk som skal gjere det enklare for barn og unge å melde frå.

Djupedalutvalet, som vart leia av fylkesmann Øystein Djupedal, la fram ein rapport i fjor som er bakgrunnen for avtalen Solberg signerte fredag. Utvalet meinte manifest mobbing måtte kastast til fordel for eit meir forpliktande nasjonalt partnarskap.

Partnerskapsavtalen har ei levetid på fem år, og målet er at det kjem færre mobbeoffer.

Målet til Solberg og regjeringa er at mobbing ikkje skal skje, og at det skal nytte å gje beskjed om mobbing.

– Det er viktig at skulen følgjer opp eleven meir enn dei gjer i dag, olg dei må bli flinkare til å fange opp mobbing. Barn er ikkje alltid ærlege om korleis dei har det, seier elevrådsrepresentant Edvard Botterlid Udnæs (14).

Marienlyst skule

KLARE: Elevar på Marienlyst skule var spente på kva Solberg ville seie.

Foto: Maria Knoph Vigsnæs / NRK

- For tilfeldig innsats

Regjeringa har også i statsbudsjettet kome med forslag om å lage ein ny portal på nettet som skal gjere det enklare for barn og unge, og foreldre å søkje informasjon om tiltak mot mobbing.

Endringar i regelverk vil også komme. Djupedalutvalet kom med konkrete lovtektsendringar.

– Det er flott at statsministeren signerer denne avtalen. For no er det for tilfeldig kven som faktisk får hjelp når dei er utsette for mobbing. Eg håpar at alle skular vert pålagde å signere antimobbeavtalar, seier psykolog Klara Øverland ved Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Les også: Innfør ed mot mobbing

AKTUELT NÅ