Hopp til innhold

Uvanleg mange i asylmottak

Beredskapsplassane til UDI er fulle etter ekstraordinær tilstrøymning av asylsøkjarar. Kvar dag kjem det no dobbelt så mange asylsøkjarar til Noreg som for eitt år sidan.

Søylediagram asylsak

UDI ber kommunar over heile landet bidra med opptil 2000 nye mottaksplassar.

Romma asylsøkjarane møter på Tanum asylmottar til kummarlege, og dei fleste kjem mest utan baggasje.

For den kosovoserbiske familien NRK møtte gjev denne tilhaldsstaden tryggleik og håp for framtida.

Dragan Ristic
Foto: Christian Grotnes / NRK

– Her er det trygt. Her har me straum. Før me kom hit budde me i ei brakke. Dei tre dagane me har vore i Noreg har vore dei beste for oss. No øygnar me håp for framtidam fortel Dragan Ristic.

Fyrste stopp: Tanum

Tanum er fyrste stoppestaden for mange asylsøkjarar i Noreg. Her gjev dei sine fyrste opplysingar til norske styresmakter.

Dei siste åra har det ifylgje UDI kome mellom 15 og 20 asylsøkjarar kvar dag. Men dei siste månadene er talet dobla. Ikkje sidan 2004 har det kome fleire asylsøkjarar til Noreg.

Treng fleire mottak

UDI-direktør Ida Børresen seier at dei jobbar på spreng for å få søknadene unna.

– No har UDI dugnad kvar helg og kveld for å ta unna registreringar og forflyttingar, men kapasiteten er fullt utnytta. Beredskapsplassane våre er også fulle, og me treng nye mottaksplassar over heile landet.

No ber utlendingsdirektoratet kommunane om å oppretta opp mot 2000 nye mottaksplassar. Det vil seia over ti nye mottak.

Dei fem største gruppene som kjem til landet er, er irakarar, tsjetsenarar, kososvoserbarar, statslause og personar frå Eritrea. Alle som kjem frå desse gruppene har krav på ein fullstendig gjennomgang av asylsøknadene.

Ida Børresen, direktør i UDI
Foto: Chrisitan Grotnes / NRK

 

Ida Børresen fortel at fleire asynsøkjarar enn tidlegare har krav på vern og får dimed opphald i Noreg, men UDI veit ikkje kvifor talet på asylsøkjarar har auka så mykje dei siste månadene.

Såg menneskesmuglarar som siste utveg

Etter fleire år på flukt, såg ikkje familien Ristic nokon annan utveg enn å betala profesjonelle menneskesmuglarar for å koma seg til Noreg.

– Me betalte 5000 euro for å koma oss til Noreg, seier Dragan Ristic.

Og når han får spørsmål om kva han synest om å betala så mykje seier han at ingen pris er for høg for å få tryggleik.

– For oss handla det om framtida for oss og for borna våre. 

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger