NRK Meny
Normal

Trøbbel med Altinn-innlogginga

Mange opplever måndag kveld trøbbel med å få logga seg inn på Skatteetaten sin nettportal Altinn.

Altinn

Mange lèt seg i dag frustrera over at Altinn nok ein gong vaklar.

Foto: Skjermdump

Stor pågang hjå Altinn fører til at nettstaden måndag ettermiddag og kveld har vore ustabil.

– Altinn har innloggingsproblem, opplyser informasjonsdirektør i Skatteetaten, Lise Halvorsen til NRK.

  • Har du hatt problem med Altinn i dag? Kommentér nedst i saka!

Sjølvmelding og skattesjekk

Også på Twitter melder Altinn om at tenesta ikkje fungerer heilt som den skal:

«Innlogging i Altinn med ID-porten gir enkelte brukere feilmeldinger. Å forsøke flere ganger kan hjelpe. Vi beklager ulempene», står det i ei melding som blei lagt ut klokka 21 i kveld.

Mange tusen har i dag sjekka skatteoppgjeret sitt. Etaten opplyste tidlegare i dag om at folk no hadde tilgang til oppgjera sine på nettet.

I tillegg er 20.juni siste frist for innlevering av sjølvmeldinga for mange bedrifter som har fått fristen utsett.

Vakla i mars

Dermed er pågangen svært stor på Altinn, som også i mars fekk problem då store delav av befolkninga skulle sjekka skatten for 2010.

Informasjonsansvarleg i Altinn, Jørgen Ferkingstad sa den gong at tenesta er dimensjonert for stor pågang, men at dei grunna ein teknisk feil måtte stengja av Altinn for svært mange for å unngå at systemet skulle krasje fullstendig.

– Prøv igjen

Altinn er ei felles innrapporteringsløysing som har vore i bruk sidan tusenårsskiftet. Det var Skattedirektoratet, Statistisk Sentralbyrå og Brønnøysundregistra som starta samarbeidet.

Brønnøysundregistra, som har ansvaret for drift av og brukarservicen til Altinn, har førebels lite informasjon om kva som er årsaka til problemet denne gongen.

– Den siste beskjeden eg fekk var at feilmeldingane dukkar opp når ein forsøker å logga seg inn gjennom ID-porten. Beredskapsteamet jobbar no med å finna ut av feilen, fortel kommunikasjonsdirektør i Brønnøysundregistra, Mette Siri Brønnmo.

Ho tilrår folk å prøva igjen dersom dei ikkje kjem inn.

– Nokon kjem seg likevel inn etter å forsøkt fleire gonger, seier Brønnmo.

Endringar sidan mars

Er det den same feilen som råka Altinn i mars som herjar igjen?

– Me har gjort mange tiltak sidan i mars. Det er vanskeleg å seia, men det er førebels ingenting som tyder på at det er snakk om same feilen, svarar Brønnmo.

Dei driftsansvarlege skal ha eit møte tysdag morgon for å forsøka å kartleggja problemet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger