Hopp til innhold

– Me vert straffa for universitetet sin inkompetanse

18 jusstudentar i Oslo fekk ein lunken start på sommarferien då dei i går fekk eksamenskarakteren sett ned, meir enn to veker etter at dei fekk vete karakteren.

Faksimile brev til jusstudentar

Mange vart skuffa då dei fekk brevet frå universitetet om at dei måtte gå ned i karakter.

«Det er ingen grunn til å bekymre seg», var svaret ein av jusstudentane fekk då ho fatta mistanke om at noko var gale.

Det var i grunnemnet JUS2111 ved jusstudiet ved Universitetet i Oslo at studentane fekk vete at dei måtte gå ned eitt karaktertrinn etter ein feil gjort av universitetet.

– Det kom som eit sjokk

Mari G. Haus

Mari Gunnerud Haus meiner universitetet burde ta feilen på si eiga kappe.

Foto: Privat

– Eg er veldig skuffa. Eg fekk opphavleg karakter C, og var nokså nøgd. No er den blitt sett ned til ein D. Det utgjer ein svært stor forskjell, seier Mari Gunnerud Haus (21) til NRK.no.

Ho reagerer mest på at det tok over to veker for at feilen skulle bli oppdaga.

– Eg skjønar ikkje korleis det er mogleg å berre gjere om på ein eksamenskarakter så lang tid etterpå. Det hadde vore forståeleg dersom dei hadde oppdaga feilen og retta opp i det der og då, men det kom som eit sjokk fordi det har gått så lang tid.

– Hadde det ikkje vore urettferdig for alle dei andre, når de vil behalde ein karakter de ikkje har «fortent»?

– Det er tidsaspektet som gjer dette ille. Når dei ikkje oppdagar ein slik feil på så lang tid, burde dei ta dette på eiga kappe. Det kjennest som at eg vert straffa for deira inkompetanse, seier Haus.

Legg seg flate

Kåre Lilleholt

Jusprofessor Kåre Lilleholt legg seg flat for studentane.

Foto: Universitetet i Oslo

Jusfakultetet legg seg flate for feilen, men kan ikkje garantere at tilsvarande ikkje vil skje igjen, då dei ikkje har oversikt over årsaka.

– Det er høgst beklageleg for dei studentane det gjeld, og ein feil me gjerne skulle ha vore utan, seier professor Kåre Lilleholt.

– Kva er årsaka til at så mange karakterar blei feil?

– Me er ikkje heilt sikre på årsaka. Me meiner å kunne seie at det er eit uhell, og at det ikkje er ein systematisk svikt som gjer at det ikkje er fare for fleire feil.

– Uhell kan jo skje, men det skal mykje til for at noko slikt kan skje igjen.

Maja Horne

Jusstudent Maja Horne føler seg svært urimeleg behandla av fakultetet etter at ho fatta mistanke om at noko var gale.

Foto: Privat

Maja Lovise Horne (24) er ei anna av dei som fekk sett ned karakteren sin. Ho seier at ho har forståing for at menneskeleg feil kan skje, men reagerer sterkt på det ho meiner er mangel på openheit frå fakultetet – etter at feilen vart oppdaga.

«Ingen grunn til bekymring»

På fredag vart nemleg karakteren fjerna for studentane i Studentweb, utan at studentane fekk beskjed om grunnen. Fleire elevar, deriblant Horne, kontakta då fakultetet for å få eit svar på kva som hadde skjedd. Dei vart ikkje akkurat klokare.

Horne sendte først ein e-post til ein tilsett ved infosenteret, der han svarte at han fekk sett karakteren, men at han ikkje hadde høve til å fortelje om den på e-post. Dette gjorde Horne bekymra, og ho ringte til fakultetet for å spørje om det var fare for at karakteren kunne bli endra.

Då svara den same tilsette at det var ingen grunn til å bekymre seg, og at dei ville sagt ifrå dersom karakteren ville bli endra.

– Det er forståeleg med menneskeleg feil, men at dei lar vere å informere gjer at det blir ein forferdeleg oppleving for dei som har blitt utsett for det, seier Horne.

– Måten saka har blitt handtert på er etter mi meining veldig uheldig.

Ville ha all fakta på bordet

Den fakultetstilsette ønskjer ikkje å kommentere samtalane overfor NRK.no, og viser til fakultetsleiinga.

Kåre Lilleholt forklarar at det tok lang tid fordi dei ville ha så mykje fakta på bordet som mogleg.

– Det er umogleg for meg å vete kva som er blitt sagt om dette. Men problemet blei først kjent på fredag, og det har blitt arbeidd ganske intenst den dagen og gjennom helga for å finne ut kva som hadde skjedd.

– Det var litt viktig å kunne gå ut og seie så mykje som me kunne. Det hadde blitt skapt ei uvisse dersom me hadde sagt det me visste utan å kunne gi det fulle biletet. Det hadde vore dumt å ha opne endar i dette, sjølv om det viser seg at me til slutt sit igjen med nokre opne ender, seier Lilleholt.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger