Hopp til innhold

- Tusen takk for mange helsingar

Utanriksminister Jonas Gahr Støre fyller i dag 50 år, og ser fram til feiring saman med kronprinsparet.

Jonas Gahr Støre. Foto: Paul K Egell-Johnsen

- Eg trengte ikkje bli 50 for å oppdage at livet er utruleg spanande, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Foto: Paul K Egell-Johnsen

Om lag 100 venner er venta når Støre inviterer til privat vennefest for å feire 50-årsdagen. Utanriksministeren er førebudd på kritikk for at kronprinsparet er på gjestelista.

- Eg skal vere veldig tydeleg på mine roller, men eg vart kjent med det unge paret rett etter dei gifta seg, på eit tidspunkt då eg var utanfor politikken, seier han.

Støre påpeikar at han ikkje kunne slutte å kjenne folk då han vart utanriksminister.

- Både kronprinsparet og eg er svært bevisst på våre roller, og eg er heilt open på at eg møter konprinsparet utanfor det offisielle. Det er ei ærleg sak dersom nokon vil kritisere det, men det er også ei ærleg sak å stå ved sine vennskap, seier han.

Skryt av statsministeren

Støre føler seg heilt uberørt av at han passerer 50 år, og opplever ingen form for femtiårskrise.

- Eg trengte ikkje bli 50 for å oppdage at livet er utruleg spanande, og på ingen måte på hell. Eg føler eg er i ein fase av livet der eg kan ta imot mange inntrykk og forhåpentlegvis gi mange tilbake, seier utanriksministeren.

Kronprinsesse Mette-Marit, Jonas Gahr Støre og Erik Solheim

Jonas Gahr Støre og kronprinsesse Mette-Marit etter eit møte i 2007.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Kor lyst har du til å bli statsminister?

- Hehe, eg har lyst til å vere utanriksminister kvar dag. Eg prøver å fordøye at eg har vore utanriksminister i ti prosent av livet mitt. Vi har ein fantastisk god statsminister som leverer på det han vald til. Eg trur veljarane kjem til å ønske det i 2013 også.

Les også: Ville at Støre skal overta Ap-tronen

Takkar for støtten

Støre nyttar bursdagen til å understreke kor stor pris han set på familien.

- Det er kanskje ein klisjé å si at dei betyr "alt", men for meg betyr dei veldig, veldig mykje, spesielt dei åra eg har vore i politikken. Dei utgjer den andre og viktigaste verda som gjer det mogleg å veksle om frå alle inntrykka i jobben. Dei er mine beste venner, beste kjæraste, og eit ankerfeste i livet mitt, seier utanriksministeren.

På facebook helsar utanriksministeren til alle som har gratulert han med dagen. ”Takk for mange hilsener på en fin og helt vanlig dag, som faller sammen med at det er 50 år siden jeg ble født! Jonas”.

Les også: Gahr Støre blir utenriksminister

AKTUELT NÅ