Hopp til innhold

VG-kommentator seier NRK-debatt var uverdig

VG-kommentator Frithjof Jacobsen sa under den direktesende «Debatten» på NRK1 i går kveld at debatten var så uverdig, at han hadde mest lyst til å gå.

Frithjof Jacobsen reagerte sterkt på korleis debatten om 25 år gammal kvinne utvikla seg.

Sterke reaksjonar frå VG-kommentator

Det var Ingebrigtsen-saka som var tema for «Debatten» på NRK1 torsdag kveld. Jacobsen reagerte både på korleis NRK vinkla det direktesende programmet, og generelt på korleis den 25 år gamle kvinna vart behandla i media.

- Håper ho ikkje ser

– Eg håper at ho som varsla ikkje ser dette programmet. For dette er heilt vanvitig. Eg har mest lyst til å reise med og gå, sa Frithjof Jacobsen blant anna. Han gjekk hardt ut mot dei som har namngitt jenta, og mot at Ingebrigtsen sjølv fekk regissere korleis saka vart kjend.

Partisekretær Raymond Johansen (Ap) hadde etter sending forståing for reaksjonen til Frithjof Jacobsen.

– Det er på sin plass å reagere tydeleg. For det saka handlar om, er at det er viktig at unge jenter og gutar kjenner seg trygge for å kunne varsle og for å kunne ta opp uromeldingar, sa han til VG.

Sjå heile debatten her: Debatten 6.12.

- Uverdig debatt

Også fylkesrådsleiar Pia Svendsgaard (Ap) reagerer sterkt på korleis debatten gjekk føre seg i går kveld. Ho har fylgt opp den 25 år gamle kvinna som varsla om eit seksuelt forhold til den 20 år eldre mannen for åtte år sidan.

– Den måten NRK vinkla debatten ¨på er uverdig. Eg skammar meg. «Debatten har vore med på å heve terskelen for å varsle», seier Svendsgaard til VG.

I programoversikta til NRK står det dette om «Debatten»: «Sex-skandalen i Troms Ap sjokkerer og splittar. Kynisk spel? Maktmisbruk? Eller berre dårleg moral og dømmekraft».

LES OGSÅ: Ap klager medier til PFU

LES OGSÅ: 25-åringen forteller hvorfor hun varslet

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger