Hopp til innhold

Siv Nordrum er død

Tidlegare journalist og statssekretær Siv Nordrum (62) er død.

Siv Nordrum

Siv Nordrum døydde 62 år gamal etter eit kort tids sjukeleie.

Foto: Stortinget

Nordrum blei 62 år gammal, og døydde etter eit kort tids sjukeleie. Det stadfestar familien til NRK.

Siv Nordrum byrja i Dagsnytt i NRK i 1984. Mange vil hugsa den trygge og klare framføringa hennar av nyheitene.

– Siv var ein kunnskapsrik og tydeleg kollega, med stor arbeidskapasitet og mykje humor, seier Nina Owing, som arbeidde saman med Nordrum både i Dagsnytt og Dagsrevyen.

– Som privatperson og venn var ho varm, interessant og interessert, seier ho.

Nordrum var NRK sin utanrikskorrespondent i Asia frå 1989, og skreiv bok om opplevingane sine der, «Silke og stål».

TV-aksjonen 1993

Siv Nordrum saman med Erik Bye og Sven Mollekleiv i TV-aksjonen 1993.

Foto: NRK

Då ho nyleg hadde avslutta korrespondentjobben i Asia, var ho programleiar for TV-aksjonen saman med Erik Bye. Denne TV-aksjonen samla inn pengar for Noregs Røde Kors og deira bistandsarbeid «Grenseløs omsorg».

Bondevik: – Godt å ha Siv som eg kunne lena meg på

Frå 2001 fram til 2005 jobba ho som statssekretær og taleskrivar for statsminister Kjell Magne Bondevik.

– Det var forferdeleg trist å ta imot denne bodskapen. Siv var framleis aktiv, og dette var altfor tidleg. At det skulle gå så fort, hadde eg ikkje trudd, seier tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik.

Bondevik fortel at han sette stor pris på ho då dei jobba saman i Bondevik sin andre periode som statsminister.

Nordrum var statssekretær for tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik frå 2001 til 2005. Her førebur dei nyttårstalen.

Nordrum var statssekretær for tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik frå 2001 til 2005. Her førebur dei nyttårstalen.

Foto: Espen Sjølingstad Hoen / VG

– Då hadde ho som hovudoppgåve å vera taleskrivar for meg. Ho var god med språk, både skriftleg og munnleg. Eg hugsar særskilt godt då vi jobba med nyttårstalane. Siv leia prosessen, sydde talen saman og gav talen ei form. Vi jobba i fleire dagar, heilt fram til dei siste timane, fortel Bondevik.

– Då var det godt å ha Siv, som eg visste eg kunne lena meg på, og stola på. Ho var også i den politiske staben, og deltok i diskusjonar om politikken som vi skulle føra, legg han til.

– Ho delte raust

Etter perioden som statssekretær gjekk ho over i kommunikasjonsbransjen, der ho hadde ei rekkje tyngre jobbar.

Ho var kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Oslo frå 2006 til 2012. Etter det var ho kommunikasjonsdirektør ved Statistisk sentralbyrå.

I 2015 gjekk ho til Stortinget, der ho var kommunikasjonssjef.

Siv Nordrum

Nordrum har jobba som kommunikasjonssjef på Stortinget. Stortingets direktør, seier Nordrum var med på å byggja opp ein moderne kommunikasjonsavdeling.

Foto: Stortinget / Studio Vest

– Med erfaring og kunnskap innanfor politikk, samfunn og kommunikasjon bidrog Siv til å byggja opp og utvikla ein moderne kommunikasjonsavdeling på Stortinget, seier Stortingets direktør Marianne Andreassen.

Ho fortel at Nordrum var opptatt av å gi rom og tillit til leiarane og medarbeidarane sine, og at ho var ein varm og støttande kollega.

– Aller mest vil eg minnast Siv for hennar humor, muntre replikk og skråblikk på tilværet. Ho delte raust av erfaringane, kunnskapen og meiningane sine, seier Andreassen.

Den siste tida budde Siv Nordrum i Stockholm saman med mannen sin, Christian Syse, som sidan 2017 har vore ambassadør ved Noregs ambassade i Sverige. Saman har dei to born.

AKTUELT NÅ