![Slik såg det ut då Otto Jespersen brende det amerikanske flagget i Torsdagsklubben. (Foto: TV 2) Slik såg det ut då Otto Jespersen brende det amerikanske flagget i Torsdagsklubben. (Foto: TV 2)](http://img.nrk.no/img/235951.jpeg)
Slik såg det ut då Otto Jespersen brende det amerikanske flagget i Torsdagsklubben. (Foto: TV 2)
Strafferamma for dette lovbrotet er bøter eller fengsel i inntil eitt år. Politiet si innstilling er ikkje offentleg, men Bergens Tidende si nettutgåve, bt.no, skriv at det er mest aktuelt å gi dei to kvar si bot.
Begge er sikta for brot på straffelova sin paragraf 95, 1. ledd, som går på hån mot flagget til ein framand stat.
Saka vil bli send frå politiet til Statsadvokaten i Oslo ein av dei nærmaste dagane, seier politiadvokat Harald Bilberg ved Oslo politidistrikt.
TV 2-sjef Kåre Valebrokk seier at han ikkje godtek korkje bot eller fengsel for det som skjedde. Han meiner saka ikkje er så alvorleg som politiet vil ha det til, og er oppgitt over at ordensmakta brukar tid på det han kallar ein bagatell.
Kåre Valebrokk er sikta fordi han er ansvarleg redaktør for alle TV sine sendingar. Det var Otto Jespersen som stod for sjølve flaggbrenninga.
Kåre Valebrokk var innkalla til avhøyrom saka i slutten av april. - Eg var klar over at innslaget med Otto Jespersen var i strid med paragraf 95 i straffelova, men eg oppfattar dette som ein sovande paragraf. Paragrafen har ikkje vore i bruk sidan 1933, sa Valebrokk etter avhøyret.
Det var pastor Finn Henriks Friis Larsen i Regnbuen bibelsenter og assisterande direktør Bjarne Ystebø i den kristne avisa Norge I DAG som melde Kåre Valbrokk og Otto Jespersen til politiet.