SAS-streiken har vart i over to døgn. 250 til 300 fly vert ståande på bakken kvar dag, ifølgje SAS. 30.000 passasjerar vert ramma dagleg.
I Danmark har den LO-tilslutta fagforeininga godtatt avtalen som norske pilotar ikkje vil ha.
Formann i Flyvebranchens Personale Union (FPU) Thilde Waast meiner avtalen gjev gode arbeidsforhold.
– Vilkåra er godt over bransjestandarden i Danmark, seier ho til NRK.
SAS-passasjerar og tilsette ved check-in på Kastrup i København i dag.
Foto: Sergei Grits / APDet seier ho trass i at topplønningane er lågare – og at avtalen kan medføre meir arbeid på sommaren og mindre om vinteren.
Waast peiker på at den såkalla Connect-avtalen har høgare startlønn for både kabintilsette og pilotar samanlikna med SAS Scandinavia.
– Etter 6 til 17 år er lønningane på omtrent same nivå, og ved dei aller siste lønnstrinna etter 20–30 år er nivået for SAS Scandinavia så over sluttlønnene i Connect-avtalene, utdjupar formannen i Flyvebranchens Personale Union.
Meiner SAS bryt med skandinavisk arbeidslivskikk
Kjernen i SAS-streiken er opprettinga av to dotterselskap, som vart oppretta samtidig som 560 pilotar mista jobben under pandemien.
SAS vil at pilotane skal ha eigne arbeidsavtalar når dei flyr for desse.
Spydspissane på arbeidstakarsida i konflikten meiner arbeidsavtalen dei har med moderselskapet også bør gjelde når dei flyr med dotterselskapa SAS Link og SAS Connect.
– For oss handlar ikkje dette om vilkåra i FPU-avtalen i SAS Connect og SAS Link men at produksjonen og arbeidsplassane i desse selskapa allereie er dekka av vår eksisterande tariffavtale, seier Roger Klokset i Norske SAS-flygeres forening.
– Det er dette som er brotet. Det er her dei bryt med det vi meiner er den skandinaviske modellen ved at ein forsøker å organisere vekk arbeidsplassar seier leiar i Norsk flygeforbund, Aleksander Wasland.
– Tariffavtale utan flygarar
Norsk Flygerforbund meiner godkjentstempel frå ein dansk fagforeining ikkje endrar noko. Dei oppfattar dei nye selskapa som konstruksjonar for å komme rundt eksisterande avtalar.
– Dette handlar ikkje om innhaldet i avtalen. Det handlar om at det finst ein avtale her som SAS inngjekk med fagforeininga i Danmark, som var ein tariffavtale utan flygarar i, altså ein «tom» avtale, seier Wasland.
Aleksander Wasland, leiar i norsk Flygerforbund.
Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRKSAS seier dei vil halde skandinavisk standard
Pressesjef i SAS Tonje Sund meiner dei nye avtalane innfrir skandinavisk standard for arbeidsvilkår.
– Vi kjenner oss ikkje igjen i det Norsk pilotforening beskriv, det er viktig for oss å få fram at SAS har hatt og vil fortsette å tilby skandinaviske vilkår for tilsette her i Skandinavia, seier ho.
Ifølgje SAS er avtalane i dotterselskapa nødvendige for at dei skal vere lønnsame no etter pandemien.
– SAS Scandinavia og SAS Connect er flyselskap som skal handtere ulike marknadar, det krev ulike typar avtalar, seier Sund.
Tonje Sund, pressesjef i SAS
Foto: Vilde HelljesenSkal ein fly på forretningsmarknaden måndag til fredag eller i fritidsmarknaden i helga krev det ei heilt anna planlegging om SAS skal vere lønnsame, meiner ho.
– Derfor har vi gode avtalar som er tilpassa dette. Det handlar ikkje om at noko er dårlegare, men at det er annleis og tilpassa no som vi skal opp i lufta etter to år med pandemi og inn i ein marknad som er fundamentalt endra, seier pressesjefen i SAS.
Sund oppfordrar pilotane om å kome tilbake til forhandlingsbordet.
– Det er der vi kan finne ei løysning. Døra er open, seier ho.