Hopp til innhold

SAS-streiken er over

Fellesforbundet, Parat og NHO Luftfart er einige om ny avtale for dei kabintilsette i SAS. Streiken er med det avblåst.

Streik SAS kabinansatte

INNSTILLINGAR: Streiken blant dei kabintilsette i SAS har ført til mange innstilte flygingar.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Partane i oppgjeret for dei kabintilsette i SAS landa tysdag morgon ein ny avtale, etter å ha forhandla sidan måndag kveld.

Det stadfestar riksmeklar Mats Ruland overfor NRK.

Streiken er med det avblåst.

Forbundsleiar i Fellesforbundet Jørn Eggum er svært nøgd med resultatet.

– No er vi både nøgde og letta. Det er aldri enkelt når du hamnar i ein konflikt. Å få innfridd alle tre krava er ein historisk dag for dei kabintilsette. Vi har fått lønnstilbod, helgefri og lunsj på bakken som andre arbeidstakarar, seier han

Jørn Eggum I Fellesforbundet

Forbundsleiar Jørn Eggum i Fellesforbundet.

Foto: Christopher Isachsen Sandøy / NRK

Leiar for SAS Norge kabinforening i Parat, Martinus Røkkum er nøgd. Sjølv om han meiner dei kabintilsette framleis har for låg lønn, aksepterer han resultatet.

– Med det utgangspunktet arbeidsgjevaren hadde i dette oppgjeret, der det skulle sparast og vi i utgangspunktet måtte gi frå oss rettar mot meir lønn, er eg nøgd med dette oppgjeret, seier han i ei pressemelding.

Også NHO Luftfart er glade for at streiken no er over.

– Eg vil ikkje gå ut med konkrete tal, men det vi kan glede oss over er at vi har blitt einige. Vi har fått til eit skikkeleg lønnsløft og det blir meir helgefri og andre endringar som møter viktige krav frå arbeidstakarane våre, seier administrerande direktør i NHO luftfart Erik Lahnstein til NRK.

Erik Lahnstein

Administrerande direktør Erik Lahnstein i NHO Luftfart.

Foto: Petter Larsson / NRK

Håper å få trafikken raskt i gang igjen

Partane møttest til eit sonderingsmøte hos Riksmeklaren måndag kveld. Streiken hadde då vart sidan fredag morgon.

I løpet av kvelden gjekk møtet over til å bli reelle forhandlingar, som no har ført fram til ein ny avtale for dei tilsette.

Streiken har ført til mange avlyste flyavgangar for SAS. Selskapet har ein anstrengt økonomi, og streiken har ramma selskapet hardt.

Det var varsla ei opptrapping onsdag.

Les også Du kan ha rett på over 6.000 kroner hvis flyet ditt blir innstilt

Tavle med innstilte fly og forsinkelser i Vancouver

Tysdag morgon skreiv NTB at over 30 SAS-flygingar til og frå dei største flyplassane i Noreg er innstilt.

Det er uvisst når trafikken kan gå som normalt igjen, men Lahnstein seier til NRK at målet er å kome på vingane så snart som råd.

– Når vi går ut no, vil alle krefter blir sett inn frå arbeidstakarane og frå selskapets side for at det skal kome i gjenge igjen. I løpet av eit døgns tid bør det meste gå som normalt.

Uroa for SAS

Førsteamanuensis Espen Andersen ved Handelshøyskolen BI følger flybransjen tett. Han er ikkje overraska over at streiken blei såpass kortvarig, men seier han er uroa over den strategiske situasjonen til SAS.

– Situasjonen for SAS er beinhard. Dei opererer på fleire ulike marknader, og ingen av dei ser bra ut.

Førsteamanuensis Espen Andersen ved Handelshøyskolen BI i Nyhetsmorgenstudio på NRK

Førsteamanuensis Espen Andersen ved Handelshøyskolen BI.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Med ein økonomisk vanskeleg situasjon har SAS fått det tøft med dei nye utfordringane i flybransjen.

  • Krigen i Ukraina og sterk konkurranse har gjort det vanskeleg i langdistansemarknaden.
  • Dyrare utanlandsreiser har gjort det tøffare i feriemarknaden.
  • Pandemien har endra marknaden for forretningsreiser, der vi i større grad har teke i bruk videokonferansar.

Men om SAS ikkje skulle klare seg, trur Andersen selskapet raskt vil bli erstatta.

– Eg trur ikkje det ville vore så store endringar. Noreg er ein veldig attraktiv flymarknad. Vi flyg mest om vi ser bort frå Malta og Island, så konkurrentar ville komme inn. Skulle Widerøe bli borte i nord, ville det vore eit problem. SAS ville blitt erstatta ganske raskt.

AKTUELT NÅ