Hopp til innhold

Ap-ordførar åtvarar om å auka barnetrygda

Både KrF og SV tar til orde for auka barnetrygd. Det er Sindre Martinsen-Evje (Ap), ordførar for kommunen høgast andel låginntektsfamiliar, skeptisk til.

Ordførar i Sarpsborg. Sindre Martinsen-Evje (Ap).

SKEPTISK: Ordføraren i Sarpsborg, Sindre Martinsen-Evje, meiner å auka barnetrygda ikkje er vegen å gå.

Foto: Vidar Ruud / NTB

– Vi ser at om ein får for høge sosiale stønadar, så vil det ikkje lønna seg å jobba heller. Du får ingen motivasjon for å ta kompetansehevande tiltak og koma ut i arbeid, seier Sarpsborg-ordførar, Sindre Martinsen-Evje (Ap).

Medan KrF og SV peikar på auka barnetrygd som tiltak for å få fleire ut av fattigdom, åtvarar ordføraren mot det same.

Sarpsborg toppar lista

Sist veke kom oppdatert statistikk som viser at 115.000 born vaks opp i vedvarande låginntektsfamiliar i 2020. Det svarar til ein av ti born og er omtrent like mange som i 2019. Statistisk sentralbyrå (SSB) har ikkje målt eit så høgt nivå sidan dei starta å føra statistikk.

– Auken i låg inntekt vi har sett blant desse borna dei siste åra, har ein klar samanheng med at desse borna ofte høyrer til store hushaldningar og der foreldra har ei svak tilknyting til arbeidsmarknaden, skriv SSB.

Sarpsborg-ordføraren peikar på sterk sekundærtilstrøyming som ei av årsakene til at dei enda øvst på lista over låginntektsfamiliar.

DEBATTERTE: Sjå Sarpsborg-ordførar Sindre Martinsen-Evje og SV-nestleiar Kirsti Bergstø i Politisk kvarter.

– Det er store tal. Vi har ei veldig sterk tilflytting av sekundærflyktningar frå andre kommunar. Dei bur der i fem år, så flyttar dei til Sarpsborg, seier ordførar Sindre Martinsen-Evje (Ap).

Heile seks av ti born i låginntektshushaldningar har innvandrarbakgrunn, viser statistikken til SSB.

Martinsen-Evje meiner dei viktigaste for å få dei ut av fattigdom er å få inn kvalifiserande tiltak, altså å få dei inn i utdanningsløp eller yrkestrening.

Vil auka barnetrygda

Det var Solberg-regjeringa, med KrF i spissen, som sikra høgare barnetrygd for dei minste. Det kan ha påverka i positiv retning, ifølgje SSB.

For born under 6 år har talet med vedvarande låginntekt sokke frå 12,7 prosent i 2021 til 12,6 prosent i 2020.

– Det er ein liten nedgang, men sidan vi ikkje ser tilsvarande nedgang i låginntekt blant eldre born, er det nærliggjande å peika på at auken i barnetrygd for dei minste borna dei siste åra kan ha verka positivt inn, skriv SSB.

Både KrF og budsjettpartnaren til regjeringa, SV, vil auka barnetrygda. I Hurdalsplattforma, som er styringsdokumentet til regjeringa, er barnetrygd ikkje nemnt.

Kirsti Bergstø

UNIVERSELL: SV-nestleiar peikar på at barnetrygda er universell og at det er eit effektiv tiltak mot at fleire unge veks opp i fattigdom.

Foto: Fotonorden

SV-nestleiar Kirsti Bergstø seier kampen for auka barnetrygd først og fremst handlar om å gjera kvardagen betre for dei 115.000 borna som veks opp i låginntektsfamiliar.

– Å auka barnetrygda er det aller mest effektive enkelttiltaket om målet er å gjera at færre unge veks opp i vedvarande fattigdom.

– Det som er fint med barnetrygda er at ho er universell. Alle får ho, og ho er ubyråkratisk. Det betyr at du får trygda sjølv om inntekta til foreldra varierer, legg ho til.

Meiner skule og jobb er viktigare

Bergstø meiner det ein betre økonomisk situasjon for dei familiane det gjeld vil gjera det enklare å koma seg ut av ein situasjon med vedvarande låginntekt.

– Det er ingen som får ein lettare veg til jobb eller lettare veg til inkludering i eit samfunn av å gå rundt å vera konstant fattig, seier ho.

Sindre Martinsen-Evje

KOMPETANSEHEVING: Sindre Martinsen-Evje meiner det viktigaste er å få folk ut i arbeid.

Sarpsborg-ordføraren meiner kommunane snarare treng hjelp til å gi born og tilflyttarar skulegang, slik at dei kan få ein kompetanse i form av eit vitnemål, fagbrev eller høgare utdanning.

– Næringslivet vårt treng arbeidskraft, men ein treng ein kvalifikasjon for å ta desse jobbane.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger