Rykande ueinige om skule-forskinga

Lærarane og arbeidsgjevarane har stikk motsett syn på kva forskinga om arbeidstid i skulen viser. Lektorlaget hevdar KS brukar gammal forsking og misforstår rapport.

Lærerstreik

Lærarane og arbeidsgjevarene er rykande uenige om skule-forskinga.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– KS må ha misforstått innhaldet i denne rapporten, seier Gro Elisabeth Paulsen, leiar i Norsk Lektorlag. I forkant av den frivillege meklinga hos Riksmeklaren i august spurde ho KS om kva forskingsgrunnlag arbeidsgjevarorganisasjonen eigentleg har for å endre arbeidstidsavtalen i skulen.

Svaret overraska henne.

For KS viste først og fremst til ein rapport som er over 10 år gammal. Sintef-rapporten evaluerte ei rekke forsøk med ulike former for arbeidstid i skuleåret 2002/2003. Forsøka gjekk ut på at lærarar skulle vere meir på skulen.

– Irrelevant

Gro Elisabeth Paulsen, leiar i Norsk Lektorlag

Gro Elisabeth Paulsen, leiar i Norsk Lektorlag.

Foto: Anne Mone Nordahl / NRK

I oppsummeringa som vart skriven for 11 år sidan kjem forskarane med funn som KS meiner er gode argument for meir bunden tid på skulen. Mål som auka elevkontakt og betre samarbeid vart nemleg nådde nettopp fordi lærarane var meir på skulen.

«Mer felles tilstedeværelse for lærerne ved skolen var en viktig grunn til dette» skriv Sintef.

Men Paulsen synest ikkje den konklusjonen er særleg vesentleg i 2014.

– Hadde dei lese rapporten om igjen ville dei sett at han ikkje er relevant lenger, meiner Gro Elisabeth Paulsen. - Dette handlar om forsøk som vart innført for å drive Reform 94-pedagogikk. Vi har fått meir samarbeid i norsk skule sidan den gongen, seier ho, og viser til at lærarane i praksis fekk meir bunden tid på skulen allereie året etter at Sintef-rapporten kom gjennom innføringa av det som blir kalla arbeidsplanfesta tid.

– Eg har inntrykk av at denne rapporten har fått ein slags mytisk status i KS-systemet og at dei ikkje har gått tilbake til kjelda og faktisk lese det som står der, hevdar ho vidare.

– Brukar det som passar

Forskar Thomas Dahl er ikkje samd i at forskinga frå 2003 er irrelevant sjølv om det er lenge sidan rapporten vart skriven. Men funna hans er nyanserte. Noko av det som står i rapporten passar langt betre for arbeidstakarsida sin argumentasjon.

Per Kristian Sundnes

Forhandlingsleder Per Kristian Sundnes i KS.

Foto: Johnny Syversen

– Det blir heilt feil å talfeste kor lenge lærarane skal vere på skulen og tru at den talfestinga fører til dei resultata som ein ønskjer å oppnå, sa han til NRK i førre veke.

I 2003-teksten står det slik: «Resultatene i skolene framstår først og fremst som følge av større felles tilstedeværelse for lærerne og ikke som et resultat av spesielle arbeidstidsordninger.»

Dahl seier til NRK at han legg merke til at organisasjonane brukar forskinga på forskjellig måte, men er i dag oppteken av at konflikten i skulen kan vere i ferd med å øydelegge for skulen.

– Denne konflikten kan øydelegge for det samarbeidsklimaet som KS eigentleg ønskjer å oppnå, seier Dahl til NRK.

KS: - Meir samarbeid gir betre resultat

– 2003-rapporten viser at det er mange forskjellige føresetnader som skal til for å få ein god samarbeidskultur, og det med at lærarane er meir til stades er ein av dei, seier forhandlingsleiar i KS, Per Kristian Sundnes.

– Den viser også at dei skulane som har ein god samarbeidskultur mellom lærarar, leiarar, elevar og foreldre, får betre resultat.

Sundnes understrekar vidare at KS brukar fleire nasjonale og internasjonale undersøkingar som grunngjeving for sitt syn om meir bunden tid på skulen. Han viser mellom anna til den internasjonale Talis-undersøkinga i regi av OECD.

Den påstanden er ikkje nok til å overtyde leiaren i lektorlaget.

– Då må dei vise til spesifikke konklusjonar i Talis som koblar kor mykje lærarane er til stades med samarbeid, seier Gro Elisabeth Paulsen til NRK.
Også Utdanningsforbundet meiner forskingsgrunnlaget til arbeidsgjevarane er vagt.

– Det er veldig vanskeleg for oss å finne forsking som tyder på at det fører til noko positivt at lærarane skal vere meir til stades på skulen, sa nestleiar Steffen Handal i NRKs Politisk kvarter mandag.

Men KS meiner Sintef-rapporten er det mest grundige som er gjort, og at det i realiteten ikkje har skjedd særleg mykje på dette feltet sidan han vart skriven.

– Du meiner det er på tide å gjere dei endringane som forsøka frå 2003 argumenterer for?

– Det er det vi seier i KS no. No treng norsk skule desse endringane. Når vi slit med for dårlege resultat og stort fråfall i vidregåande skule, blir det for passivt å berre fortsette slik vi har gjort til no.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger